fredag 20. september 2013

Londontur og kamp

På onsdag fekk eg og gutane vere med Thomas og TIL når dei skulle spele mot Tottenham. Nora vart ikkje med men fekk seg nokre dagar hjå venninna Charlotte .

Me flaug til Luton utanfor London og var framme på hotellet på formiddagen.
Etter å ha innkvartert oss på hotellet i Theobolds park stakk eg og Lukas med resten av fotballfruene inn til Oxford street. Masse kjekt i butikkane,men då Lukas ikkje var så interessert, så vart det mest cafe.( dei har heldigvis masse kjekt å shoppe på "Starbucks" og)

Utpå ettermiddagen møtte eg Jori,som no bur i London. Veldig lenge sidan sist,så møtet vart så altfor kort. Men kjempekoselig å sjå ho att.


















Jori tok oss med på Sushi-restaurant . Fantastisk god sushi og eit ganske flott akvarium, så Lukas hadde litt underholdning.

Torsdagen var det kamp,men me rakk både fotballskoshopping og lunsj i Enfield før me drog til White hart lane.
Kjempestemning på stadion og veldig rart å sjå Thomas på banen(under oppvarminga). Dessverre var Tottenham litt for gode for TIL,men kjekk kamp allikevel.

Etter kampen var det rett på bussen til flyplassen i Luton . kom til Tromsø kl. Halv seks i dag tidleg.....
Planen var att gutane skulle på skulen,men me hadde ikkje hjerte til å vekke dei (Lukas våkna ikkje før 15.30:-)
Eg var derimot på jobb halv ni,så no er det nok på tide å ta kvelden.

Ha ei flott helg!
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar