søndag 24. februar 2013

Klar for Vinterferie!

Då er det gått enno ei veke og den har vore like allsidig som alltid. Mandag var Lukas ferdig med fyrste del av svømmekurs og fekk skilpaddemerke. Isak var som vanleg på onsdagsrenn. I stiv kuling,men det var jo ein god grunn til å gå raskt.
Eg har ski i kroppsøving denne perioden og har fått brukt arbeidstida til å gå på ski i strålande tromsøvær.

Fredag hadde Nora med seg venninner heim, og eg og gutane tok oss difor ein tur på byn. Me såg blant anna på hurtigruta. Trur me er nødt til å ta oss ein tur i løpet av året.

Denne helga har som vanleg gått med til skitur i løypene på tromsøya.

I dag var det ikkje skivær så då testa me ut nordnorsk vitensenter.

Så skulle eg eigentleg gå meg ein tur. Men det var rett og slett lite fristande,så det vart tur på tredemølle istadenfor........

No ventar det ein bunke med matteprøvar som skal rettast,før eg har heimeeksamen man til ons. Heldigvis kjem Thomas heim på tirsdag, så me rekk litt vinterferie heile gjengen.
Ha ein fin fin kveld. Klem frå Tromsø

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar