lørdag 3. august 2013

Helg!!

Når ein har ferie flyt dagane sammen, men denne veka har Lukas starta på sfo og Isak har vore på fotballskule heile veka, så igår fekk eg faktisk litt helgefølelse........

Sfo starten gjekk forresten veldig bra. Lukas stortrives og gledar seg masse til mandag.

I går prøvde me også fiske frå bryggekanten i sentrum. Veldig vellukka på vel ein halvtime fekk me sikkert 20 fisk på kroken. Dei fleste små, men Thomas tok faktisk ein ganske så stor uer. Om kvelden vart det kortspeling og tv titting. I tillegg fekk eg og nora oss ein kveldstur. Skikkelig varmt ute,sommerstemning:-)

Denne månaden har eg forresten ein liten challenge med Mariell. Noko som betyr at eg skal ta ein armheving  første dag ( i går) og deretter auke med ein for kvar dag ut August. Det betyr to i dag. Heldigvis mjuk start................

I dag har me ikkje lagt dei store planane, men sola skin så det er vel berre å hive seg ut. Etter armhevingane:-)

God lørdag alle sammen.
Klem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar