søndag 25. august 2013

Travel oppstart og rolig søndag!

Denne veka gjekk fort. Skule,sfo, kampar ,treningar og kontrollar heile veka. Så no har eg funne fram familiekalenderen:-)

Men det var kjekt å komme igang og få oversikt. Lukas var på skulekontroll hjå helsesøster . Han både ser og høyrer godt så då skulle alt vere i orden.

Nora har hatt ei fin veke på ungdomskule og Isak er på plass i 5.

Fredag var heile TIL- gjengen med følge på Steakers og åt. God mat og koselig selskap. Sjølv etter ei travel veke er det greitt å komme seg ut litt. Nora var barnevakt, men forsvann på overnatting hjå ei venninne når me kom heim.

Thomas er reist til Haugesund denne helga men me andre har hatt roleg helg.

I dag var eg og gutane på bading på ST. Elisabethsenteret. Eg og Lukas kom oss på kino etterpå. "Mormor og de åtte ungene", veldig koselig film.
No har me hatt oss ein liten sykkeltur før me avsluttar kvelden med kamp og "karate kid". Heia TIL!

GOD SØNDAG!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar