lørdag 17. august 2013

Klar for helg og skulestart!

Då er eg igang og neste veke skal Lukas ha første skuledag og Nora skal på ungdomskule. Me gledar oss men det vert skikkeleg rart å berre ha skuleungar..........
Denne helga er det regn og skyer i Tromsø, men me har kost oss allikevel.

Isak hadde trening tidleg og skynda seg heim etterpå for å rekke Liverpoolkamp på tv. Ikkje mykje anna enn fotball som gjeld altså.
Thomas hadde ein kort økt på jobb før me stakk til byn på biblioteket.Det er skikkeleg flott bibliotek her, med stor barneavdeling for Lukas og eigen avisavdeling til Thomas, så dette har vorte ein fast regnværsaktivitet.

Nora har vore på shoppingtur med venninna Charlotte, så då er vel høstgarderoben i boks.......
Ellers fekk eg og Thomas oss ein god joggetur i regnet,det gjorde godt før taco og sofakos.

I morgon er det kampdag TIL møter aafk. Men me rekk nok ein tur før den tid.
Håpar de har hatt ein god start på helga!
Klem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar