lørdag 11. mai 2013

Sol, grilling og fotball!

Då er våren kome til Tromsø. denne veka har det vore flott vær og temperaturen byrjar å stige, jippi!
Sykkelsesongen er godt igang og det er nesten ikkje snø att i hagen, uvanleg bra for å vere i tromsø har eg skjønt.

Har vore ei kort veke på jobb, då Isak var sjuk på onsdagen, slik at me måtte halde oss heime. Thomas har vore i Trondheim på kamp, men kom heim att på Torsdag. Møtte sjølvsagt på fotballheltar som villig stilte opp til fotografering.


Oldemor og Besten hadde bursdag denne veka, så me sender ei ekstra helsing til dei!

Denne helga er Isak i Narvik på fotballcup med nokre kompisar, cupen gjekk strålande og dei avslutta med seier 14-0;-) i dag.

Thomas har keeperskule denne helga, 75 komande "keepertalent" og masse aktivitet heile dagen.

Men me har allikevel rukke å innleia grillsesongen ( og bikinisesongen faktisk!).Strålande sol heile fredagen og då var det berre å skaffe seg kulegrill. Det er  faktisk meldt fint framover og, så det er berre å koma seg nordover...........

I morgo er det kampdag TIL-Sarpsborg, men tenkjer at mesteparten av dagen dessverre går til eksamenslesing.....

Stoor klem frå Tromsø

NB! Gratulerer til August som vert 7 år i morgon, pakke kjem i posten:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar