søndag 10. november 2013

Slapp søndag....

Denne veka har me fått ny snø, så skisesongen fortsett. Det vert stadig mørkare og det er no mørkt allerede kl. 15.30. Men fint og klart vær så igår fekk eg oppleve flott nordlys når eg var ute på tur. Verkeleg fasinerande natur her oppe.


Thomas tok med seg Nora og Isak til vestlandet på fredag, så denne helga har eg og Lukas kost oss masse ilag. Fredag vart det roleg heime, men lørdagen rakk Lukas både cafe, bursdag og Hanne tok han med seg på danseshow i kulturhuset før han skulle på overnattingsbesøk hjå Noah.
Eg var på jentekveld hjå Agnes i går ilag med Birgitte og Hanne. Knallgod mat, vin og sprudlevann.  Kjempekjekk kveld og kl. vart to før eg kom meg heimover.........
Dagen i dag har difor vore ganske så slapp. Tydeleg lenge sidan eg har rangla. Men eg fekk jo sove utpå ( takk til barnevakten:-)), litt verre for Agnes som måtte opp med to små.
Sidan formen min var ganske slapp tok eg med meg Lukas og Noah på kino og såg "jul i Flåklypa". Den kan anbefalast! Me hadde salen for oss sjølv i starten så me rakk både tikken og danseshow før filmen.
No har eg landa i sofaen og kjem meg nok ikkje opp igjen på ei stund.
Berre få minutt til avgjerande kamp mot Brann for TIL. Kryss fingrane, det gjer eg.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar