mandag 6. oktober 2014

Haust

Då er hausten kome etter ein utruleg fin sommar. Vekene raser avgårde og i helgene er det fotballturneringar rundt omkring. Forrige helg var eg og Thomas på Voss for å vere med å feira Gunn Marit sin 40års dag. Mormor kom til Bryne for å passe gutane. I tillegg var det potetfestival på Bryne denne helga så då var det jo ekstra  mykje å vise fram til mormor:-) Søndagen rakk eg også kvalitetstid med pappen i Fyllingsdalen før eg flaug heimover.

Denne helga var det keeperskule og 60 spente små keepere var med. Lørdagskvelden var familien på middag hos familien Sunde. Eg prøvde ut Dronning Maud pudding som forsvann fort. Må nok lage den igjen.........

Søndag tok besta og besten med seg ungane til Voss på haustferie. 4 barnefrie dagar skal nyttast til jobb, trening, rydding og kos, før heile familien tek turen til Sirdal neste helg.

I dag har eg og thomas hatt ein lang morning , trent og gått på cafe. Mathallen på Bryne kan anbefalast........
I tillegg var det kamp for brynegutta. Tromsø skulle sikra opprykk, medan Bryne skulle sikre fortsatt 1.divisjon. Fantastisk kamp og Bryne vann 2-1. Stor stemning i heimen i kveld!

God haustferie alle sammen!
Klem frå Bryne

2 kommentarer:

  1. Ja... Grattis till segern... Ni var helt klart värda att vinna! Du saknas häruppe men du verkar har det såå bra, och det glädjer mig! Kram till er alla!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja du måtte dessverre utsette feiringa litt, men du får ta den neste helg:-) kjekt å sjå Benny igjen, han skulle jo tatt med deg og jentene, men me får ta det igjen seinare. Savnar deg og håpar de har det bra i nord. Klem

      Slett