mandag 15. april 2013

April i Tromsø

Det er mandag og her kjem ei litt sein oppsummering av forrige veke, stort sett ei ganske vanleg veke.

Det har vore kjempeflott vær heile veka og det har faktisk stoppa å snø, men vegane er no fulle av slaps, så det er ikkje så lett å komme seg fram på sidevegane.

Lukas har som vanleg vore på svømmekurs to dagar, hadde siste dagen på Pingvinkurset i dag, neste veke startar selungekurs.....
 Isak er fremdeles på piano, skitrening og fotball, og i dag laga skilaget Harlem shake ( skal prøve å finne video). 
Nora har hatt dei vanlege fotballtreningane og i går var det sonesamling for uttak til kretslaget for Nora i Tromsdalen. Sidan fotballbanen ligg rett attmed skistadion,fekk resten av familien seg ein fin skitur medan ho trente. I går  ettermiddag var det kamp på Alfheim,men "gutan" gjekk på første tapet.
Ha ei fin veke! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar