søndag 7. april 2013

Søndagskos

Då er me ved vekeslutt igjen. Framleis dalar snøen ned og folk har byrja å snakke om ny snørekord i Tromsø.

Det har ellers vore ei ganske vanleg veke. Onsdag var sesongens siste onsdagsrenn og Isak nådde målet sitt om å vere med på alle.

Ellers har det vore mykje fotball ,symjing og ski. Fredag var Nora og Isak med på skisprint.
Fredag reiste Thomas til Kristiansand og Nora var vekke heile kvelden i bursdag,så då vart det kosekveld med gutane.
Lørdag vart det shopping på Jekta,Nora fekk endeleg brukt litt av bursdagspengane. Det fekk forresten eg og. Takk for nye "anti shake" tights mamma og pappa. Gleder meg allereie til fyrste løpetur......

Det er fantastiske løyper her så eg,Thomas og Lukas fekk oss ein flott tur i dag. Isak har vore på overnattingsbesøk og fekk seg ein langtur på ski i dag, me møtte kvarandre på Charlottenlund så då passa det godt med kakaopause.

No vert det ein roleg kveld med søndagskos.

Håpar det står bra til med alle kjente. Klem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar