søndag 16. februar 2014

Kor vart helga av.....

Vekene går fort,men helgene berre flyr. Tida frå fredag til Søndag berre forsvinn, så då er det godt eg får dokumentert litt med bilete og blogging.
Denne helga reiste Nora til Kristiansand med fotballaget for treningsleir/sosial weekend . Blant anna stod forelesningar,kamp ,trening og bading på timeplanen.
Eg starta helga med opplæring i pulstreningssystem på Elixia. Eg skal igang med kursing og vil etterkvart ha litt timar på kveldstid. I Tromsø tok eg pause frå instruktørjobbinga og det var deilig,men no kjenner eg at det skal bli kjekt med spinning og saltimar igjen.
Lørdag var eg ,Thomas og gutane på Vitenfabrikken i Sandnes. Me åt lunsj på Pastabakeriet,som var ein veldig koselig kafe og god heimelaga pasta. Etterpå drog Thomas til Stavanger då Bryne skulle møte Haugesund. (stillinga vart 1-1, så det er berre å glede seg til sesongstart)
Eg og gutane returnerte til Bryne og tok ein roleg kveld.
I dag var det håndballturnering på Undheim for Lukas. Etter berre to treningar var det ein spent gut som stod klar i hallen,men laget storspelte og Lukas scora opptil fleire mål i alle kampane. I tillegg var det pokal til alle etterpå,så dette var moro.
Utruleg morsomt å sjå nybegynnarar i aksjon,med opptil fleire trenarar på banen som aktivt instruerer og hentar ballar. Tenk at damelandslaget starta ut sånn......
Etter turnering vart det sykkeltur og bibliotek. Sola viste seg såvidt så me kryssar fingrane for at regnværet er over for denne gong.
Isak har vore med ein kompis på Vitengarden i heile dag,men dei trakk heimover til Liverpoolkamp.
Nora kom også heim utpå kvelden,men såg ganske så sliten ut. Gjettar at det har blitt litt lite søvn......
No er det på tide å ta kveld.
God vinterferieveke til dei som har det. Klem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar