søndag 2. februar 2014

Seine kveldar og tidlege morningar.......

Ny søndag på Bryne og framleis er det ganske hurtig luft ute så det har vore mykje innandørs denne veka også.
Onsdag spela Nora sin første kamp for Bryne og det vart seier!!
Fredag var eg med BryneFk sin administrasjon på ølsmaking på Vaaland,som er eit koselig ølutsal på Bryne.
Nora var heime og passa brødrene.

Eg er generelt dårleg på øldrikking,men det smaka bra når ein fekk det i små glas...
Me testa sikkert 20 ulike sortar ,alt frå pils og juleøl til øl med røyke,sitrus og whiskeysmak ,og med historien til var det ein veldig bra kveld. Etter mykje øl,tok me turen vidare til Peppes og god pizza.







Lørdag var formen rimeleg slapp men det var allikevel opp kl.07 og avgarde på Nordsjøcup i fotball på Pollestad. Nora sitt lag var kjempegode og kom til semifinale.



Isak var på lørdagstrening og Lukas fekk ei økt med pappen før  Bryne fk reiste til Stavanger for treningskamp mot Sandnes.( tapte berre med eitt mål, lovar bra!)
Etter ein lang dag med fotball vart det sofakos resten av kvelden for meg og ungane. Thomas var på "guttekveld" med trenarane.


I dag fekk eg meg ei tidleg treningsøkt på Evo før me prøvde ut treningsparken rett nedom oss. Flott uteområde med masse aktivitetar og fine grillplassar. Dette vert bra til sommaren.

Me prøvde også ut biblioteket. Koselig plass med eigen cafe og butikk. Vert litt sjeldnare høgtlesing til Lukas når vekene er så travle,så då er det greitt å nytta sjansen når me er på bibliotek.
Etter lesing skulle eg og Lukas på kino. "Karsten og Petra på vinterferie". Kjempekoselig film,men utruleg mykje bråk i salen. Tok sikkert 40 min uti filmen før alle hadde funne plassane sine.

No er det jobbing foran tven resten av kvelden så eg vert klar til ny arbeidsveke.

Gratulerer til Svigers som hadde 45 års bryllupsdag på lørdag, håpar de fekk ein fin kveld.

Ha ei fin veke. Klem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar