søndag 26. januar 2014

Søndag i stormen

Det bles friskt på Jæren for tida,men me er heldigvis mest innndørs. Denne veka har gått kjempefort. Travle dagar med skule og treningar.

Onsdag  feira Lukas og klassen at dei hadde vore førsteklassingar i 100 dagar med festhattar og bollar.

Fredag var det elevkveld på skulen. 100 ville 6 og 7åringar i fri flyt i gymsalen og Lukas storkoste seg.

Lørdag var me tidleg oppe heile gjengen då me hadde invitert svigers og øystein og janne med familie til frukost. Nora hadde fotballtrening tidleg,men grunna storm og snø vart det rugbytrening istaden. Etter brunsj var me til Sandnes og besøkte Vitenfabrikken. Masse kjekke aktivitetar for både store og små,spørs om ikkje det vert årskort der. På kvelden var Nora i bursdag,men me andre tok ein roleg kveld.

I dag har eg og Thomas og gutane vore i kåsenhallen for ei ekstra fotballøkt. Stormen herjar,så me har heldigvis tilgang til innandørshallar. Etter fotballøkta var det rett heim til varm kakao for å få varmen. I ettermiddag har me vore til stavanger på middagsbesøk. Nora baka kake til dessert ,den vart knallgod.....

No har me landa i sofaen. Eg er litt slapp i formen,men satsar på at ei god natts søvn gjer susen.

Ha ein fortsatt fin søndag!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar