onsdag 1. januar 2014

Godt nytt år!

Då er nytt år i gang og det er allerede gått eitt år sidan me flytta til Tromsø. Me tek litt lengre juleferie i år,og reiser ikkje til Bryne før søndag.

Siste dagane har flydd. Mandag var det karusellrenn for gutane og det var kjekt å vere tilbake i Åsen. Fekk låne smørebod hjå Kristina så gliden var upåklageleg.......

Nyttårsaften feira me hjå Lene og Jan Steinar ilag med Siri og Trond og Helga og Terje. Pinnakjøt til middag og Lene sin Grand dessert. Utruleg godt som vanleg og alle vart gode og mette slik at me måtte spare kakene til neste dag.
Veldig koselig kveld og me rakk fleire omgangar med "Tabu" før me kjørte heimover 03.00 .........(isak vart igjen og la seg kl.6,tenker han er litt trøtt i dag)
Thomas,Nora var tilbake på Lydvabaret til lunsj og kaker kl.13 i dag:-)

Eg og Lukas var tidleg oppe og tok toget til Bergen. Eg møtte Heidi og tok turen til Sotra for å besøke Torunn og Morten. Veldig sjelden me jentene klarar å møtast så det var koselig at me fekk det til i dag:-)

Torunn har kjøpt seg eit koselig hus på Sotra med uthus/ tørkehus og garasje, så det vart nesten som eit lite tun. I tillegg var det kjempeflott utsikt.

Etter sotrabesøk tok eg turen til Askøy. Der var Lukas på besøk hjå tante og onkel og Kaja. Lukas er heilt frelst i hunden og Theobald var overlykkelig for å få så masse oppmerksomhet så dei koste seg saman heile ettermiddagen. Lukas reiste vidare til Fyllingsdalen med mormor og morfar medan eg vart att med systo. I morgon har me planar om tidleg tur så då er det på tide å ta kvelden. Håpar alle har fått ein god start på det nye året!

God natt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar