søndag 29. desember 2013

Juleferie og 40årslag

Tida går så fort når ein har ferie og det er allerede søndag igjen.

Julaften feira me hjå svigers. Lang morgon med tre nøtter for askepott og godteri i strømpen. Fantastisk pinnakjøt og masse fine pakkar på kvelden. Alle var fornøgde med nissen i år!!

Første dag var me i Fyllingsdalen hjå mor og far ilag med Franz. Menyen var biff og x antall dessertar og kaker. Så me vart mette denne dagen også.....

Torsdag var me på besøk til Siri og Trond for å "sjå" fotball. Lene og Jan Steinar og ungane kom også og det vart sein kveld denne gongen og. Ungane storkoste seg med dansing og karaoke i kjellaren.

Fredag feira Thomas 40 årsdagen i viljarhuset. Nora ordna håret og neglene mine, så kjekt med eigen stylist....Lene hadde laga buffet som smakte nydelig og det var god stemning heile kvelden.

Lørdagen vart såleis ganske slapp,men eg hadde heldigvis cardiocoretime utpå dagen slik at eg kom meg opp av sofaen.

I dag var været ganske bra så då fekk endeleg ungane på ski. Lukas har vore på nytt besøk på Raugstad hjå
Grete og
Endre i ettermiddag ilag med
Victor og Lisa .
Dei har storkost seg med kalvane i floren og inne hjå Grete med gele og pepperkaker.
Isak har vore hjå Håvard
heile kvelden. Eg har fullført boka mi og satsar på ein tidleg kveld.

Håpar de har hatt ei fin julefeiring. Klem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar