mandag 23. desember 2013

Heim for Christmas....

Travel veke på vestlandet. Kom til Bergen og Askøy på fredag.Mamma og Pappa venta på flyplassen og hadde middagen klar i Fyllingsdalen. Seinare kom Mariell og henta meg ut til Askøy. Utruleg kjekt å sjå Kaja igjen. Ho er så søt!! I tillegg vart det tid til både shopping og cafe med Mariell på lørdagen. Lenge sidan me hadde så mykje "søstertid" men tida går så altfor fort....

Søndagen var det familiejulebord med familien til Thomas. Kjekt å sjå alle att, og så hadde Marianne med nye guten som var kjempesøt.
Turen gjekk vidare til Voss og koseleg besøk hos Inger Helen.Etterpå vart det roleg kveld hjå svigers. Besta og Besten hadde vaska , rydda og pynta så alt var klart. Veldig greitt å komme til fiks ferdig julefeiring:-)

Mandag og tirsdag var eg vikar på mosjonsgutane (mosjonsgutane)
Og det var kjempeartig,tenk at det er eit år sidan sist eg var instruktør!

Onsdag kjørte eg og Thomas til Bryne for å ta imot flyttelass. Rekkehuset såg veldig bra ut og Bryne var ein koseleg stad. I tillegg besøkte eg skulen og nye klassen min. Det vert rart å berre ha 8.trinn men dei såg veldig søte ut.
Etter kaffibesøk hjå hjelpetrenar og bursdagsbesøk til Tobias kjørte me tilbake til Voss.(Var heime kl.03.00)

Torsdag var det juleshopping. Ganske slapp i formen denne dagen, men rakk allikevel te hjå Siri på kvelden - har verkeleg savna desse kveldane så det var kosleg å få litt tid med ho.
Lukas vart invitert opp til Grete for å hjelpe til i "floren.
Veldig stas å vere tilbake på Raugstad. Ikkje rart at han har savna det.

Fredag var eg tilbake hjå mosjonsgutane på jobb, fekk tilogmed med meg Thomas på begge timane mine. Ganske dårleg julevær på Voss så me heldt oss stort sett innandørs denne dagen. Fredagskvelden var det juletaco hjå Siri og Trond. Såå kjekt å sjå dei att, og tida berre flyr så det vart ein sein kveld.

Lørdag var det siste rest med juleshopping før me reiste på førjulsfest hjå Øystein og Randi. Dette er tradisjon og alltid like koselig. Nydelig tapasbord og god drikke og klokka vart tidleg før me tusla heimover ilag med Tommy og Stine.

Søndagen vart difor ganske slapp, men eg rakk likevel ein presangrunde til Synneva og til onkel og tante i skulestadmo.
I dag er det lite på programmet og difor har eg no tenkt å lure meg til litt trening før julefreden senker seg.
God jul alle sammen!
Lukas og morfar!
Søstrene sisters. 
Søte Kaja!! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar