mandag 9. desember 2013

Siste tida som tromsøværing....

Denne veka har flydd. I tillegg til pakking og vasking er det masse på planen for tida. Mandag og tirsdag har eg allerede glømt ut men Onsdag var me på bowling etter skulen.
Thomas vann dessverre igjen, så kanskje like greitt at det ikkje er bowling på Voss så slepp eg å irritere meg i jula......

Fredag var eg med Langnes kollegiet til Malangen brygge for juleavslutning. Flott plass og god tid til å mase med ellers ganske travle kollegaer.

Lørdag fekk Nora venninner på overnatting mens eg, Thomas og Lukas var på middagsbesøk hos Hanne og Hans Åge. Der fekk me reinsdyrfilet med blomkålpure og  sjølvplukka kantareller. Det var fantastisk godt , årets beste. Kjempekoselig kveld og  klokka vart to før me kom oss heimover....

Søndagen vart difor ganske slapp. Lukas overnatta hjå Noah , så utpå dagen henta me gutane og dro til breivikahallen for å sjå futsal. Ellers vart fint lite gjort denne dagen - merkar at seine kveldar tar på;-)

Ha ei flott veke!

Klem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar