fredag 13. desember 2013

Farvel Tromsø

Då sitt eg på flyet til Bergen og har tatt farvel med Tromsø for denne gong. Har kome eindel tårer i augnekroken siste døgnet, men me har hatt eit flott år i Tromsø og eg har møtt så utruleg mange flotte folk som eg skal holde kontakten med.(jada Trine - sjølv om eg då må på fjesboka....). I tillegg har Hanne lova å komme på besøk og eg gleder meg allerede!

I går hadde kollegiet avslutning for meg og eg må igjen seie at det er utruleg mange kjekke folk på den skulen.
I dag var det avslutning på basen og eg fekk med meg både pakkar,blomar og sang. I tillegg ein haug med klemmar:-) Vert veldig glad i desse ungdommane på eitt år og då er det jo litt trist å forlate dei. Eg tek fjorårets løsning og later som om eg berre skal på ein litt lengre ferie.....til Bryne:-).

Nora har også hatt avslutning på skulen og har fått fleire flotte kort med helsingar. Ho har fått veldig gode venner her oppe og me satsar på at Charlotte og Marte tek turen til Bryne om ikkje så lenge.

Lukas avslutta med Luciakonsert på skulen og var eigentleg mest opptatt av flyturen:-)

No går turen til Bergen for å møte familie og venner som eg ikkje har sett på lenge og det gleder eg meg til. Går glipp av klubben hjå Marit i kveld dessverre,men me får samlast i jola jenter.

I kveld vert det middag hjå mor og far før eg tek turen til  Askøy.Endeleg kan eg få kose litt med Kaja. Ho har nok tenkt at tanta bur inni ipaden. I tillegg vert det godt å ta juleferie. Speedflytting tek på og eg vert nok ganske trøtt selskap i kveld.

Ynskjer alle kjente ei fin helg!
Klem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar