torsdag 1. mai 2014

Jentekveld på Bryne!

Då var det på tide å oppdatere blogg:-) Siste tida har gått til å nyte finværet og komme igang med fotballsesongane. Forrige helg var Isak i Kristiansand på håndballturnering. Lukas spelte "grønt gras"turnering på Frøyland og Nora var på overnatting hjå ei fotballvenninne. Søndagen spelte Bryne mot TUIL og fekk første seier denne sesongen. Thomas satt på benken då andrekeeper var vekke.Vart nesten spel på han og då keeper fekk gult kort og det vart tidenes raraste frispark foran mål.

På onsdagen vart eg invitert på "girls night out" av Heidi(kollega på Klepp). Rød løper,champagne og goodiebag før kinoen-the other woman. Morsom komedie som kan anbefalast. Etter kino var det disko og bar i høgbygget. Då eg har lite trening med seine kveldar for tida heldt eg ut til halv tolv før eg spaserte heimover til Thomas.

Torsdag var det ny kamp for Bryne men dessverre ikkje like bra resultat.......
Me får satse på ny opptur søndag.

I dag har me kost oss i sola og spelt fotball. Eg har tatt på meg nokre vikartimar på Elixia i helga,så etter ein god økt på sykkel har eg no funne roen i sofaen. Testa ut sunnare sjokoladekake frå Funksjonell mat og den var utruleg god. Greitt å ha når ein har " måned uten sukker challenge" med systo.

Håpar de har hatt ei fin veke,god helg alle sammen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar