onsdag 7. mai 2014

Rolig søndag.....

Har endeleg hatt ei roleg helg og fått tid til alt som eg har utsett lenge.

Fredagen gjekk med til vasking og rydding. Isak var på fotballsfo heile dagen og Lukas var med kompisar.

Lørdag  tok Thomas ,etter å ha blitt utfordra,årets første bad på orrestrand i nettoen ,til surferane sin store glede. Etterpå tok me turen til Sandnes og vitenfabrikken. Me har vore der nokre gonger no,men ungane synes framleis det er like artig og me fekk med oss "planetsurfing" som var ganske bra.

Søndag var ungane opptatt. Nora solgte aviser, isak var på kunstgraset og Lukas hjå kompisar. Thomas var på bortekamp (seier!!!) Så då hadde eg huset for meg sjølv.I mangel på andre aktivitetar såg eg faktisk film midt på dagen...må vere fleire år sidan sist:-)

Første del av denne veka har flydd og me har allereie kome til onsdag. Thomas er i Haugesund på cup kamp og eg bloggar frå svømmehallen mens Lukas trenar:-)

Fredag skal me til Bergen og besøke familie og vere med i konfirmasjon. Håpar på fint vær og satsar på at 12 timar i bil går fort.

No får eg prøve å vere med i nuet:-)
Klem frå Bryne

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar