torsdag 18. juli 2013

Ein på topp!

Ti på topp er eit turopplegg i Tromsø der ein får gode forslag til turar i nærområdet. Dette passar jo fint til oss som skal gjere oss kjent.

I går gjekk eg og Lukas til første toppen: "slaktarhaugen" på kvaløya. Kjempefin tur , litt bratt opp men det er jo desto kjekkare å springe ned att. Frå toppen såg ein heile Tromsøya.

Turen opp tok berre 45 min med gode pausar og nokre avstikkarar frå stien.

Etterpå gjekk turen til Leos lekeland der Lukas sprang rundt i over 3 timar........... Ikkje rart at han sov godt i natt.

I dag skal me ein tur på vitensenteret før TIL spelar kamp mot Baku i kveld.

Klem frå tromsø

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar