søndag 21. juli 2013

To på topp!

I dag har eg og Lukas gått til Varden på tromsøya. Litt regn i lufta,men det gjorde ingenting når me var godt kledd. Turen var veldig fin. Kuperte turstier som var fine å springe på. Litt bratt på slutten men det var berre eit kort stykke. Vel oppe skreiv me oss inn i boka og åt nista vår.

Turen tok berre halvannan time opp og ned inkludert god pause på toppen. Kjem garantert til å gå her fleire gonger.

No er det avslapning på sofa med varm kakao og film.....

Ha ein fin søndag. Klem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar