onsdag 31. juli 2013

Sju på topp!

No har eg fått besøk av Torunn og då måtte eg jo ha ho med på tur.
Eg,Nora og Torunn kjørte til Tromvik på kvaløya og gjekk oppover mot "Buren".  Verken lengden på turen eller terrenget stemte med turbeskrivelsen eg hadde fått, så eg fekk utfordra høgdeskrekken min eit par gonger..........
Men strålande sol, godt turfølgje og fantastisk utsikt gjorde det til ein flott tur.




































Etterpå reiste heile gjengen i bukta og grilla. Nokon slappa av med Yoga,
 andre med marshmallows:-)

På kvelden stakk eg og Torunn på RÅ sushibar for å feire bursdag ( på forskudd). Veldig godt denne gongen og:-) Me prøvde også ut japansk øl, som var overraskande godt. På toppen vart me filma av eit portugisisk filmteam som laga film om fisk.
Kvelden vart avslutta i sofaen med Ben &Jerry is og sjokolade.
Ein kjempekoselig dag. Det er så kjekt at vennar tek seg tid til å komme nordover. Håpar de kjem opp ofte..............





































I dag er det litt overskya så det vert berre ein kosetur til byn før me må kjøre Torunn til flyplassen.
Takk for besøket,gleder meg allerede til neste gong.
Ha ein fin Onsdag alle sammen. Klem

PS! Sjekk biletet nederst, på parkeingsplassen i Tromvik låg nemleg eit svært reinsdyr og tok imot oss.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar