søndag 28. juli 2013

Seks på topp og bollar på "Budeia"

Det er så bra at me har fått sommarværet tilbake. I dag kjørte eg,Isak og Lukas til kattfjorddalen og gjekk derifrå opp til Nattmålsfjellet eller "klokka ti" som toppen vert kalla.
Flott tur og veldig barnevennlig då det ikkje var så bratte stigningar. Dessverre var det litt tåke på toppen så utsikten var litt begrensa.

På vegen ned fann me multer, men dei er nok best i multekrem..... Me stoppa og ved eit vatn og fanga rumpetroll. Lukas syntest nok at dette var det kjekkaste på turen.

Vel nede kjørte me vidare til  "Budeia" og fekk oss bollar og kakao. Der var Agnes og Elsa også, så då fekk Lukas leika litt med Elsa. Kjekt!

No vert det middag og rydding før Agnes og Elsa kjem og ser kampen.

Fortsatt fin søndag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar